Hopp til innhold

Tove-Lise Torve blir fylkesordførar

Tove-Lise Torve (Ap) blir fylkesordførar og Per Vidar Kjølmoen (Ap) blir fylkesvaraordførar. Dei to får verva etter at Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Venstre, Krf, SV og Miljøpartiet dei Grøne har blitt samde om å få ein avtale. Senterpartiet får leiaren i både samferdsleutvalet, utdanningsutvalet og næringsutvalet.

Til NRK seier Tove Lise Torve at dei 6 partia har blitt samde om ei politisk plattform som dei saman skal finpusse før offentleggjering.

Torve vil førebels ikkje kome med detaljar frå plattforma, men seier hovudmålet er å få ei trygg økonomisk styring av Møre og Romsdal fylkeskommune.

Arbeidarpartiet og Senterpartiet får 2 representantar i fylkesutvalet. Miljøpartiet, Venstre og Krf får éin kvar.

Partiet Raudt er ikkje med fylkesutvalet, men støttar avtalen som eit valteknisk samarbeid og har fått éin representant i Utdanningsutvalet. Alle dei andre partia er representert både i Fylkesutvalet og i dei tre underutvala.

Forhandlarar Tove Lise Torve fylkesordførar
Foto: Forhandlingsdelegasjonen