Hopp til innhold

La fram kutt for 63 millionar

Leiinga i Helse Møre og Romsdal har diskutert forslag til omstillingsvedtak med tillitsvalde i helseføretaket i dag. Tiltaka som no er foreslått utgjer til saman rundt 63 millionar kroner, skriv helseføretaket i ei pressemelding. I juni sette dei eit krav om at totalt 85 millionar kroner. Klinikkar som ikkje har innfridd kravet til kostnadsreduksjon, har frist til neste veke med å leggje fram tiltak for det resterande. – Det har vore eit stort oppdrag med kort tidsfrist, og klinikkane har hatt ulike måtar å løyse oppgåva på. Nokre har basert tiltaka på betre utjamning av variasjon, medan andre har til dømes lagt til grunn eit dugnadsprinsipp, seier konstituert administrerande direktør, Nils Kvernmo.

Nils Kvernmo
Foto: Øyvind Sandnes / NRK