Gav frå seg varaordførarvervet
Tore Johan Øvstebø frå KrF måtte onsdag gi frå seg vervet som varaordførar i Ålesund til Senterpartiet. KrF fekk ei oppslutning på 5,9 prosent ved kommunevalet, og gjekk tilbake 3,5 prosent. – Det er eit offer å gi frå seg varaordførarvervet, men ut ifrå valresultatet så var det også naturleg, seier han. Øvstebø og KrF inngår no i eit samarbeid med Ap, Sp, SV, MDG, Rødt og Venstre. – Det kravde nokre rundar å samle seg, men det var ikkje direkte vanskeleg, for vi såg at vi ønskja mykje av det same, seier han.