Hopp til innhold

Vil ikkje støtte Frp

I går blei det klart at Pensjonistpartiet, som støtta Arbeidarpartiets Tove-Lise Torve som ny fylkesordførar, hadde mista sitt mandat til SV etter finteljinga av stemmer var ferdig. Torve har no 23 mandat og treng 24 for å ha fleirtal i fylkestinget, etter å ha fått støtte frå Framstegspartiet, Miljøpartiet de Grønne, Nordmørslista, Sunnmørslista, Uavhengig valliste for Sunnmøre. Yvonne Wold (SV) seier at dei ikkje kan støtte Frp. – Det har vi lova veljarane våre. Det handlar om at det er ganske store ideologiske forskjellar på kva Frp og vi vil. Vi har ulike mål for politikken vår. Vi håper at ein kan lokke både Arbeidarpartiet og Senterpartiet tilbake til forhandlingsbordet.

Yvonne Wold
Foto: Øyvind Sandnes / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL