Hopp til innhold

Svinvik blir ordførar i Surnadal

Margrethe Svinvik (Sp) blir den nye ordføraren i Surnadal. Det skjer etter samarbeid med Miljøpartiet De Grønne. Senterpartiet gjorde eit svært godt val i Surnadal og mangla berre eitt mandat på reint fleirtal i kommunestyret. Det er ikkje avklart kven som blir varaordførar. Arbeidarpartiet har hatt ordføraren i Surnadal sidan 2008.

Margrethe Svinvik
Foto: Senterpartiet