Hopp til innhold

Torve blir ny fylkesordførar

Tove-Lise Torve frå Arbeidarpartiet blir ny fylkesordførar. Det skjer med støtte frå Framstegspartiet, Miljøpartiet dei grøne, Nordmørslista, Sunnmørslista, Uavhengig valliste for Sunnmøre og Pensjonistpartiet. Det kom fram på ein pressekonferanse no i ettermiddag. Det ligg og an til at Per Vidar Kjølmoen frå Arbeidarpartiet blir ny fylkesvaraordførar. Frank Sve blir leiar i samferdselsutvalet. Avtalen mellom Senterpartiet, Høgre, KrF og Venstre om at Kristin Sørheim frå Sp skulle bli ny fylkesordførar og Anders Riise frå Høgre fylkesvaraordførar, har dermed ikkje fleirtal.

Forhandlingar på Parken
Foto: Trond Vestre / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL