Hopp til innhold

Vil ha fokus på Møreaksen

Moldeordførar Torgeir Dahl vil ikkje at det skal brukast pengar på ei tilleggsutgreiing for eit oversjøisk alternativ med bru til Møreaksen. Romsdalsaksen sin spørjeundersøking, der eit fleirtal på 9 av 10 gjerne ventar nokre år ekstra på ei bru, håper det blir gjort ei tilleggsutgreiing. – Vi ønskjer ikkje å betale for ei slik utgreiing. Dersom regjeringa finn ut at dei vil det, så skal ikkje eg stoppe det. Men vi vil kjempe for det vegprosjektet som er prioritert i nasjonal transportplan og ønskjer at det skal bli realisert så raskt som mogleg, seier Dahl.

Ordførar i Molde, Torgeir Dahl
Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK