Hopp til innhold

Likar forslag om utbygging av E136

Leiar i transportkomiteen på Stortinget, Helge Orten (H), likar forslaget til Frank Sve (Frp) om å la selskapet Nye Veier bygge ut heile E136-strekninga frå Ålesund til grensa av Oppland. Men å ta Lerstad-vegen ut av Bypakken, som Sve har foreslått, er noko som må drøftast med Ålesund kommune, påpeikar han. – Så langt har Lerstad-vegen vore eitt av fundamenta i Bypakken for Ålesund, så her må ein ha ein dialog med Ålesund kommune der ein ser på kva moglegheiter som finst for å få ei raskast mogleg realisering av proosjektet, seier Orten.

Helge Orten
Foto: Erlend Hykkerud / NRK