Hopp til innhold

Mistenkte blir slepte fri i dag

Dei sju personane som er mistenkt for brot på narkotikalovgjevinga, etter at det blei funne ein begynnande hasjplantasje i Ålesund, har blitt avhøyrt og blir slepte fri i dag. – Dei sju har ingen sterk tilknytning til Ålesund og er av ulike nasjonalitetar, fortel politiadvokat Gudrun Kalvatn. Etterforskinga er i ein tidleg fase og politiet vil ikkje seie noko om omfanget til verksemda.

Gudrun Kalvatn
Foto: Synnøve Hole / NRK