Hopp til innhold

Vil ha meir merksemd

Mobbeombodet i Møre og Romsdal har fått om lag 50 førespurnader frå barn og foreldre som treng nokon å prate med, sidan dei starta opp i fjor. – Det er veldig låg terskel å ta kontakt med oss, det kan alle gjere, og ein kan vere anonym, seier Kristin Øksenvåg i mobbeombodet. Ho ønskjer at fleire får vite om tilbodet, slik at dei som slit kan få hjelp. – No ved skulestart er det ikkje alle barn som gler seg til å komme tilbake, da er det viktig at ein snakkar om det, seier ho.

Mobbeombodet i Møre og Romsdal
Foto: Ann Eli Nøsen / NRK