Hopp til innhold

Framleis ingen spor etter Maja

I går byrja politiet å leite med drone etter den sakna kvinna Maja Herner ved Saudehornet i Ørsta. Så langt utan resultat. – Dronebilda i går gav oss foreløpig ingenting, seier lensmann i Ørsta og Volda, Frode Digernes. Vidare vil politiet gå gjennom dronebilda som vart teken i går, samt ta nye bilde neste veke, for å finne den sakna kvinna. Politiet sin hovudteori er at den sakna skal vere i fjellet.