Hopp til innhold

Snart 70 og har sprunge 200 maraton

I går var det duka for Hornindalsvatnet Maraton, der Helge Fuglseth sprang sitt maraton nummer 200. Ålesundaren som fyller 70 år om eit par dagar har sprunge alle sine maraton på under 4 timar. Også Harald Krøvel frå Ørsta, som også snart fyller 70 år, har gjennomført 200 maraton, Krøvel gjorde sitt nummer 200 i Paris i april. Begge vart heidra i Hornindal i helga.

Helge Fuglseth til høgre og Harald Krøvel
Foto: Privat