Hopp til innhold

Forventar ny leiteaksjon snarast

Ordførar Stein Aam i Ørsta meiner leiteaksjonen etter den polske kvinna som forsvann i fjor må takast opp att snarast. Maja Herner forsvann då ho skal ha gått ein tur i retning Saudehornet. Dette har lege som ei mørk sky over bygda dei siste åtte månadene. Han etterlyser meir informasjon frå politiet, som han meiner har vore svært sparsommeleg med opplysningar i denne saka. Politiet opplyser til NRK at dei har planlagt korleis og kvar dei skal leite etter Maja Herner, men at dei må vente til den endå meir snø forsvinn frå Saudehornet.

Ordførar i Ørsta, Stein Aam (Sp)
Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL