Hopp til innhold

Ventar på nye søk etter Maja

I november i fjor forsvann den polske kvinna Maja Herner etter at ho skal ha gått seg ein tur i retning Saudehornet i Ørsta. Kvinna er framleis sakna. Mykje snø i år har gjort at leitearbeidet har blitt utsett mange gonger. – Vi ventar på at snøforholda skal bli identiske slik dei var då ho forsvann. Framleis ligg det for mykje snø i fjellet. Men planane for leitearbeidet er klare. Så vi går opp så fort forholda er gode nok, seier etterforskingsleiar Grete Hjelle (biletet) til NRK. Ho kan ikkje seie nøyaktig når det er venta at forholda blir gode nok. Det ligg eit lag med snø på sørsida av Saudehornet som normalt ville ha vore vekke i juni. Men det har altså kome meir snø seinare på året i år enn tidlegare.

Grete Hjelle
Foto: Andrine Davidsen