Hopp til innhold

Sendt vidare til Oslo

To jenter vart sende til sjukehus etter ei badeulykke i Molde torsdag kveld. Den eldste av dei vart først sendt med luftambulanse til St. Olavs hospital i Trondheim. Fredag ettermiddag vart ho sendt vidare til Oslo Universitetssykehus. Det opplyser Marit Kvikne, kommunikasjonsdirektør ved St. Olavs hospital, til NRK fredag klokka 21.00. Ho kan ikkje seie meir om statusen til jenta.