Hopp til innhold

Ser positivt på vindkraft

Vindkraftutbygging er omstridt i mange kommunar no. Både i Aure, Halsa og i Haram er motstanden stor. Men for kommunen med flest vindturbinar, Smøla, har vindkraft vore ein positiv ting, seier ordførar Roger Osen. – Det skjedde noko med Smøla når vindparken kom. Det blei utbygging, optimisme og kommunen fekk nokre skatteinntekter som dei ikkje hadde hatt før. Desse har igjen blitt brukt til mellom anna næringsutvikling og kultursatsing, seier han.

Roger Osen
Foto: Ann Eli Nøsen / NRK