Hopp til innhold

Skal ha fått straum gjennom seg

Arbeidsulykka i Breivika i Ålesund skal ha skjedd under elektrikararbeid. – Ein person har fått straum gjennom seg. Det er uvisst kor skadd personen er, men det blir opplyst at det ikkje skal vere alvorleg, skriv politiet på Twitter. Ei patrulje frå politiet er på veg til staden.