Hopp til innhold

Meiner partiet står støtt

Fylkesleiar i Framstegspartiet, Frank Sve, meiner partiet står støtt her i fylket trass dei dårlegaste målingane for partiet på 24 år. Dersom det var stortingsval no ville Frp fått ei oppslutning på berre 7,5 prosent. Det viser ei meiningsmåling som Kantar TNS har utført for TV 2. Frank Sve meiner botn-noteringa avspeglar situasjonen i andre delar av landet meir enn i Møre og Romsdal.

Frank Sve
Foto: Ann Eli Nøsen / NRK