Hopp til innhold

Problem med å få nok jordmødre

Kommunane Aure, Smøla og Halsa har per i dag ikkje jordmortenester å selje til Helse Møre og Romsdal. Det fortel ordførarane i dei tre kommunane. Helseforetaket ønskjer at kommunen skal hjelpe til med å skaffe jordmødre, slik at det blir lettare å få til ei nødvendig følgjeteneste for fødande. Gravide som har 1,5 time reiseveg til sjukehus har rett på eit slikt tilbod.Men det går ikkje slik som situasjonen er i dag, seier Aure-ordførar Ingunn Golmen. Det har i fleire år vore vanskeleg for Helse Møre og Romsdal å ha et fullverdig tilbod om følgeteneste med jordmødre på ytre Nordmøre. I oktober vil helseføretaket kalle inn kommunane som har avtale om følgjeberedskap til å diskutere framtidig samarbeid og løysningar.

Ingunn Golmen
Foto: Gunnar Sandvik / NRK