Hopp til innhold

Dømt etter dødsulykke

Ein mann i 40-åra er dømt for aktlaust drap etter at dottera hans omkom i ei trafikkulykke der han var sjåfør. Han er dømt til 60 dagar i fengsel med ei prøvetid på to år. Lillejulaftan i 2017 kom bilen til mannen over i feil køyrefelt og kolliderte med møtande trafikk på Fursetfjellet. Den fem år gamle jenta omkom i kollisjonen. Fire andre personar i ein av bilane han kolliderte med, blei også skadde. Mannen i 40-åra må betale 75 000 kroner til kvar av dei fire personane.