Hopp til innhold

Slutt på verdikort på ferjene

Frå og med 1. juli vil ein ikkje kunne nytte verdikort på ferjene. Autopass ferjekort skal erstatte den gamle ordninga. Autopassbrikke blir innført først frå 2020, medan autopassferjekort kan ein kjøpe og bruke alt no. Det har vore mykje forvirring rundt innføringa av Autopass og prosjektleiar for «Autopass for ferje», Dag Hole, seier dei har fått blanda tilbakemeldingar på ordninga. – Vi vil sjølvsagt jobbe med dei tinga som folk ikkje er så fornøgd med. Vi skal utvikle dette slik at det blir ei god løysing. Målet er at ein skal bruke Autopass-brikke som betalingsmiddel på ferjene, seier Hole.

Dag Hole
Foto: Roar Strøm NRK