Hopp til innhold

Skal lære av førre tap

Aalesund må ta lærdom av nedturen mot Raufoss sist søndag. Det meiner trener Lars Bohinen. Etter å ha slått ut Molde i cupen, tapte AaFK førre seriekamp. I dag møter dei Sandnes Ulf til ein av mange kampar på kort tid for serieleiaren i 1. divisjon. Trass seier over Rosenborg i cupen denne veka, er det også viktig å vinne seriekampane, seier Bohinen. – Vi må lære av det vi ikkje klarte mot Raufoss, som var å skru saman ein god nok prestasjon til å vinne kampen. Vi må stable saman ein god elver, som veit at vi mest sannsynleg må i kjellaren igjen for vinne, seier han.

Lars Bohinen
Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix