Hopp til innhold

Høgsterett avviser Veidekke-anke

Rauma kommune slepp å betale 25 millionar kroner i erstatning til Veidekke etter at Høgsterett har avvist anken frå selskapet i saka om Helsehuset på Åndalsnes. Veidekke Entreprenør kravde erstatning fordi dei meinte kommunen hadde gitt kontrakten til firmaet Hent AS på feil grunnlag. No har Høgsterett avvist anken. – No kan vi endeleg sette eit punktum etter fleire år med usikkerheit rundt den økonomiske situasjonen til kommunen, seier ordførar Lars Olav Hustad (H).

Lars Olav Hustad
Foto: Silje Bjerknes / NRK