Hopp til innhold

Evaluering Viking Sky

Både i Molde og Fræna kommune gjorde kriseleiinga ein god innsats då cruiseskipet Viking Sky kom i havsnød på Hustadvika i mars. Evalueringsrapportane frå kommunane viser likevel at ting kan bli betre både internt og eksternt. Mellom anna er det reaksjonar på at det ikkje kom spørsmål om bistand verken frå politi eller hovudredningssentralen då alarmen gjekk, seier ordførar i Fræna, Tove Henøen. – Det har gitt tilbakemelding på dette og no stolar vi på at politiet tek ansvar og sørger for at varslingsrutinane blir gode, seier ho.

Tove Henøen
Foto: Trond Vestre / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL