Hopp til innhold

Ueinige om eigedomsskatt

Stranda kommune kjem til å halde på eigedomsskatten sjølv om kommunen no er ute av Robek-lista. Det seier ordførar Jan Ove Tryggestad. Då eigedomsskatten blei innført lovde Tryggestad at den skulle bli fjerna igjen så snart som mogleg, men førebels meiner han at dette ikkje er aktuelt fordi kommunen treng inntektene frå eigedomsskatten. Frp-politikar Frank Sve er derimot kritisk til dette, og meiner at ein heller bør spare pengar på å redusere talet på kommunalt tilsette.

Øynasenteret i Stranda
Foto: Håvard Jangaard Strand / NRK