Hopp til innhold

Skal ha hjelpt med å skjule barn

Ein advokat i fylket får 25 000 kroner i bot for å ha hjelpt ein klient med å skjule tre barn for barnevernet. Ifølge tiltalen lånte han i fjor vår ut hytta si til faren og dei tre barna. Dette skal ha skjedd trass i at han som advokat visste at faren berre skulle sjå barna i avgrensa periodar, og under oppsyn av barnevernet. Dersom han ikkje betalar bota, må advokaten i fengsel i 50 dagar.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL