Hopp til innhold

Medhald for Rimfrost

Amerikanske patentstyresmakter har gitt Rimfrost AS i Herøy medhald i ei sak mot Aker Biomarine. Ifølge ei pressemelding frå Rimfrost slår patentstyresmaktene i USA fast at ein metode som Aker Biomarine har krevd patent for, knytt til utvinning av krillolje, ikkje er patentbar. Rimfrost er ein av verdas største produsentar av krillprodukt, og den amerikanske marknaden er svært viktig for selskapet.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL