Hopp til innhold

Omkøyring på Sula

Fylkesveg 61 er framleis stengd ved Eidsnes på Sula fordi ein lastebil og ein personbil har kollidert. Det går no alternativ ferjerute for at folk skal kome seg forbi. Ferja frå Hareid går no til Solavågen. Dermed skal både dei som skal med ferje til Festøya og til Hareid køyre til Solavågen. Der blir det to køar, alt etter kvar ein skal. Det melder NRK Trafikkradio.