Hopp til innhold

– Brosundtunnelen skal inn

Senterpartiveteranen Kåre Hanken meiner det er ingen grunn til å gi opp kampen for ein tunnel under Brosundet i Ålesund. I bystyret torsdag røysta han først for ei utsetting av bypakken, deretter for fleirtalspartia sitt forslag, der Brosundtunnelen ikkje ligg inne. – Eg hadde det som prioritering nummer éin at Brosundtunnelen skulle vere med, men eg ser realitetane. Men eg skal snakke om Brosundtunnelen så lenge eg sit i bystyret, og han skal inn, seier Hanken.

Brosundet i Ålesund
Foto: Øyvind Sandnes / NRK Luftfoto