Hopp til innhold

Vinje Aurdal reagerer

Ordførar Eva Vinje Aurdal i Ålesund, kallar samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp) sitt utspel om å halvere omfanget av bypakken som useriøst.

Dale seier til Sunnmørsposten at han ikkje kan godta ein bypakke til 7 milliardar kroner, og vil redusere denne til dei tre – fire milliardane som lå inne i pakken i 2016.

Utspelet frå samferdselsministeren betyr truleg at strekninga Vegsund-Breivika og Brosundtunnelen må ut av bypakken. Det får Eva Vinje Aurdal til å reagere sterkt.