Hopp til innhold

Brann i Ålesund

Like før klokka 05.00 melde politiet om ein brann i ei mindre blokkleilegheit i Borgundvegen i Ålesund. Alle dei åtte bebuarane kom seg ut av blokka og blir tatt hand om på ein nærliggande institusjon. Desse blir sjekka for røykpåverknad, opplyser politiet. Brannvesenet fekk raskt sløkt brannen og jobbar no med å sikre og kontrollere staden. Borge Amdam, operasjonsleiar i politiet, seier at ingen personar blei skadd i brannen. – Mange av bebuarane er i ferd med å flytte tilbake. Dei har blitt sjekka av helsepersonell og følte seg bra. Det er så langt for tidleg å seie noko om brannårsak, men brannvesen og politi er på staden og tek avhøyr av dei som budde der. Det vil etter kvart også bli ordna med alternativ bustad for dei, seier Amdam.

Brann i Borgundvegen i Ålesund
Foto: Silje Bjerknes / NRK