Hopp til innhold

Brann i Kristiansund

110-sentralen i Møre og Romsdal melder at det brenn i andre etasje av eit leilegheitsbygg i Kristiansund. Brannen har truleg spreidd seg mot loftet og det er mykje røyk på staden. Brannvesenet ber folk om å halde seg unna skadestaden og ber naboar om å lukke dører og vindauge. Røykdykkarar frå brannvesenet er no på staden. Politiet opplyser at fleire av bebuarane sjølv har tatt seg ut av bygget, og det blir jobba for å få ei oversikt over alle bebuarane. – Det er ikkje behov for å evakuere nærliggande bygg, seier Jon Bratland, operasjonsleiar i politiet.

Brann i Kristiansund
Foto: Eirik Haukenes / NRK