Hopp til innhold

Uro over medieoppslag

Styret i Helse Midt-Noreg brukte om lag tre kvarter på å gjennomgå presseoppslag i samband med kuttprosessen i Helse Møre og Romsdal.

Fleire av styrerepresentantane uttrykte uro over korleis medietrykket påverkar tilsette i føretaket.

– Det er eit massivt trykk. Vi må diskutere korleis vi kan handtere dette medietrykket, sa styrerepresentant Liv Stette.

– Vi må oppretthalde styrke og tillit til systemet vi er sett til å forvalte. Vi er uroa for effekten på dei tilsette, sa Stette.

Kommunikasjonsdirektør Tor Harald Haukås la fram ein presentasjon som viste medieoppslag både i regionavisene og NRK i samband med kuttprosessen i Helse Møre og Romsdal.

Også dagens styremøte blir fulgt av representantar for pressa,(bildet) både frå Tidens Krav, Romsdals Budstikke, NRK Møre og Romsdal og Sunnmørsposten.

Pressebenken Helse Møre og Romsdal
Foto: Øyvind Sandnes / NRK