Hopp til innhold

– Enorm medieinteresse

Talet på medieinnslag kring Helse Midt-Noreg er så langt i år i ferd med å nerme seg talet for eit heilt normalår alt før det har gått fire månader av 2019, ifølgje kommunikasjonsdirektør Tor Harald Haukås.

– Medietrykket er aller størst i Møre og Romsdal, sa Haukås under starten på styremøtet i Helse Midt-Noreg i dag.

Haukås la fram plansjar som viste korleis medietrykket har auka i takt med framdrifta i kuttprosessen i Helse Møre og Romsdal.

Haukås drog også linjene tilbake til tidlegare samanslåingsprosessar og til striden kring bygging av nytt akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal.

– Helsestoff engasjerer folk. Slik skal det vere. Og det er slik ikkje minst i eit valår, sa Haukås.

Tor Harald Haukås
Foto: Terje Reite / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL