Hopp til innhold

Fleirtalet vil til Vestnes

66 prosent av dei som bur i grunnkrinsane Hjelvik og Våge i Rauma ønskjer overflytting til Vestnes kommune. Det viser resultatet frå innbyggarundersøkinga som er gjort i samband med ein søknad om grensejustering. Fylkesmannen har mottatt resultata i dag, og 23 prosent har svart at dei ønskjer å bli i Rauma. 11 prosent har svart «Veit ikkje» på spørsmålet om kva kommune dei skal høyre til i framtida.