Hopp til innhold

Dette har skjedd i natt

I Tomrefjord vart ein førar stoppa av politiet mistenkt for køyring i ruspåverka tilstand. Førarkortet var teken i beslag og det blir oppretta melding på forholdet. I Molde sentrum vart ein førar meldt for ikkje å ha gyldig førarkort. I Ulsteinvik vart ein person i tenåra stansa for å spele for høg musikk i bilen. Føraren vart vist bort frå sentrum, og meldt for forholda. I Ålesund måtte brannvesenet ut å sløkke brann i ein container med avfall. Sak blir oppretta, men foreløpig ingen mistenkte.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL