Hopp til innhold

Tiltalt etter ulykke

Ein mann i 40-åra er tiltalt for aktlaus å vere skuld i ein annans død. Dette i samband med dødsulykka på Fursetfjellet 23. desember 2017. Ifølgje tiltalen kom mannen over i feil køyrefelt, støtte saman med ein bil, for så å frontkollidere med ein anna bil. Ei fem år gammal jente mista livet i ulykka der i alt sju personar i tre bilar var involvert. Mannen er også tiltalt for å ha ført til at fleire andre personar også fekk betydelege skader i ulykka. Saka skal opp i Romsdal tingrett i mai.