Hopp til innhold

Fekk medhald i lagmannsretten

Rauma kommune blei i fjor vår dømd til å betale over 25 millionar kroner i erstatning til Veidekke Entreprenør AS, som ikkje nådde opp i anbodskonkurransen om det nye helsehuset i Rauma. Retten meinte tilbodet til HENT, som har bygd helsehuset, hadde eit avvik frå konkurransegrunnlaget og skulle vore avvist av kommunen. Rauma kommune anka dommen frå tingretten. I dag vart det klart at Rauma kommune har fått medhald i lagmannsretten. – Vi har nettopp motteke dommen frå lagmannsretten og vil bruke litt tid på å gå gjennom den før vi går i detalj, men i korte trekk går dommen ut på at Rauma kommune fekk medhald i sine argument, skriv Rauma kommune i ei pressemelding.