Hopp til innhold

Nordmøre vil seie opp avtalar

Kommunane på Nordmøre kjem til å seie opp alle samarbeidsavtalane med Helse Møre og Romsdal om styret i føretaket vedtek dei varsla kutta under styremøtet neste veke. Det framgår av eit dokument som ordførar- og rådmannskollegiet på Nordmøre har utarbeidd. Kommunane vil samstundes forlate alle arenaene for samhandling med Helse Møre og Romsdal, framgår det av dokumentet.

– Kommunane på Nordmøre opplever no at helsepolitikken i Møre og Romsdal blir styrt av ambisiøse klinikksjefar som vil same mest mogleg av fagmiljøet nært seg sjølv. Synspunkt frå tilsette, innbyggarar og politikarar frå lokalt, fylkeskommunalt og nasjonalt hald blir ignorert, heiter det i dokumentet.

Kristiansund Sjukehus
Foto: Eirik Haukenes / NRK