Hopp til innhold

Mobiliserer ved styremøte

Aksjonen «Leve Nordmøre - mot rasering av helsetilbuda» mobiliserer i samband med styremøtet i Helse Møre og Romsdal 27. mars. Det blir sett opp bussar frå Aure, og deltakarane tek sikte på å vere framme i Ålesund til styremøtet tek til klokka 10.00. Dei som står bak aksjonen oppmodar deltakarane om å ta på gule vestar og gjenstandar som lagar lyd. – Ta med banner med sakleg tekst og noko å lage bråk med, for det må til no, heiter det i informasjonen om demonstrasjonen. Dette er eit samarbeid mellom Aure og Smøla. Biletet er frå ein demonstrasjon for bevaring av rehabiliteringssenteret i Aure.

Demonstrasjon i Aure
Foto: Roar Halten / NRK