Hopp til innhold

Årim-tilsett tiltala for korrupsjon

Statsadvokatane i Møre og Romsdal har tatt ut tiltale mot ein person som har vore tilsett i renovasjonsselskapet Årim. Det melder Sunnmørsposten. Det var i november i fjor det vart kjent at den Årim-tilsette vart etterforska for korrupsjon. Grunnlaget for tiltalen er fire tilfelle der mannen skal ha motteke mindre beløp frå personar som ønskte å jobbe i Årim og RenoNorden. Ifølgje Sunnmørsposten gjekk sistnemnde selskap konkurs i 2017. Årim tok då over deira renovasjonsavtale. Strafferamma er fengsel inntil tre år.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL