Hopp til innhold

Vil behalde fire sjukehus

Jordmorforbundet krev at planane om samanslåinga av fødeavdelingane i Kristiansund og Molde blir stoppa, og at dagens sjukehusstruktur med fire sjukehus i Møre og Romsdal blir oppretthalden.

Det er ikkje dokumentert at store sjukehus driv meir effektivt enn små sjukehus, heller tvert om, skriv jordmorforbundet i eit brev til styret i Helse Møre og Romsdal.

Forbundet hevdar også at bygging av nye sjukehus har ført til færre sjukehussenger og mindre kapasitet.

Dei meiner gså at sentralisering av sjukehusa har ført til færre fødeavdelingar. Talet på fødslar utanfor fødeavdelingane stig. Fødslar utanfor institusjonane gjer situasjonen meir utrygg for både mor og barn, skriv jordmorforbundet.

Fødeavdeling Kristiansund
Foto: Eirik Haukenes / NRK