Hopp til innhold

Vil jobbe for fleire arbeidsplassar

Talet på statlege arbeidsplassar i Møre og Romsdal går ned og ligg langt under landsgjennomsnittet. Regional- og næringssjef i i fylket, Bergljot Landstad meiner difor at Møre og Romsdal bør få ein av dei fem nye vegdivisjonane som Statens vegvesen planlegg. Vegvesenet skal omorganiserast frå neste år, og dette kan ramme dei statlege arbeidsplassane som allereie er i distriktet, skriv Sunnmørsposten (krev innlogging). Ho meiner fylket kan vise til at det er lett å få kvalifisert arbeidskraft til vår region.

Bergljot Landstad
Foto: Møre og Romsdal fylke

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL