Hopp til innhold

Ankesak Rauma helsehus

Frostating lagmannsrett behandlar denne veka striden om bygginga av det nye helsehuset i Rauma. Rauma kommune blei i fjor vår dømd til å betale over 25 millionar kroner i erstatning til Veidekke Entreprenør AS, som ikkje nådde opp i anbodskonkurransen. Retten meinte tilbodet til HENT, som har bygd helsehuset, hadde eit avvik frå konkurransegrunnlaget og skulle vore avvist av kommunen. Rauma kommune anka dommen frå tingretten. Det er sett av fire dagar i lagmannsretten til behandlinga av saka.

Rauma helsehus
Foto: Øyvind Sandnes / NRK Luftfoto