Hopp til innhold

På taket i Fræna

Ein mann i 30-åra er sendt til sjukehus for sjekk etter eit trafikkuhell på fylkesveg 663 i Fræna. Mannen framstår som uskadd, etter at køyretøyet han førte hamna på taket etter ei utforkøyring. Andre bilar var ikkje involverte, og mannen hadde ikkje med passasjerar.