Hopp til innhold

Usemje om ministermøte

Måndag 5. februar melde NRK at Stranda-ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp) og fylkesordførar Jon Aasen (Ap) planlegg å få til eit møte med samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp) med det første for å få ekstramidlar til rassikringstiltak ved Grande i Geiranger. Men ifølgje Frank Sve (Frp) er det ikkje store poenget i å halde dette møtet. – Dei må gjerne reise på Oslo-tur, men utan reguleringsplan får dei ingen pengar, seier Sve. – Vi er klar over det, men vi ønskjer å få avklaringar og nokre signal, seier Tryggestad. Det har enno ikkje bltt sett ein dato for møtet med Jon Georg Dale, men det er venta ei avklaring på det like før helga.

Jon Georg Dale
Foto: Jon Bolstad / NRK