Hopp til innhold

Fire vil bli prosjektdirektør

Fire personar står på søkarllista til stillinga som ny prosjektdirektør for planlegging og bygging av det nye felles sjukehuset for Nordmøre og Romsdal.

Opprinneleg var det fem søkarar, men ein person har trukke seg. Av dei som står igjen på søkerlista er to unntatt offentliggjering.

Dei to som det er offentleggjort namn på er Ivar Edmund Vatten frå Halsanaustan og Oddvard Knardal fra Bud.

Det er ikkje kjent når Sjukehusbygg ser for seg å ha ein ny prosjektdirektør på plass. Den førre direktøren gikk av 4. desember i fjor.