Hopp til innhold

Vil ha draghjelp

I eit møte med Mørebanken har Sunnmøre Regionråd gjort det klart at dei forventar draghjelp frå stortingspolitikarane i fylket i arbeid med å få på plass eit soningssenter på Digerneset. Ei større statleg utgreiing som er varsla i april, vil gi svar på kva framtidsutsikter det planlagde soningssenteret har. Ordføraren i Skodje, Dag Olav Tennfjord (bildet), håpar at stortingspolitikarane frå Møre og Romsdal vil presse på i kampen for eit nytt soningssenter. – Det er viktig at det blir gjort eit godt arbeid i Justiskomiteen. Og at ein kan jobbe med å få inn merknadar og kommentarar knytt opp mot tidlegare utgreiingar som peikar på eit klart behov i Møre og Romsdal. Soningskøane har gått ein del ned, noko som gjer det tøffare å få gjennomslag for investeringar i sektoren.

Dag Olav Tennfjord
Foto: Trond Vestre / NRK