Hopp til innhold

Brann ved utestad i Kristiansund

Like etter klokka 05.00 natt til laurdag melde politiet om ein brann ved Comfort hotell i Kristiansund sentrum. Hotellet er under oppussing og det skal ikkje vere gjestar ved hotellet på dette tidspunktet. Ifølgje operasjonsleiar i politiet, Borge Amdam, skal brannen ha starta i den delen der utestaden Kick Off ligg. Naudetatane rykte ut til staden og fekk etter kvart sløkt brannen. – Utestaden hadde vore open tidlegare på kvelden, men var stengt lenge før brannen starta. Det er så langt uklart kva som er årsaka til brannen, men det vil bli gjennomført åstadsundersøkingar når det er mogleg, seier Amdam. Skadeomfanget er så langt ukjent, men det skal ha blitt ein del skader innvendig som følgje av brannen.

Brann Comfort hotell i Kristiansund, uteplassen Kick Off
Foto: Roar Halten / NRK