Hopp til innhold

Rettssak blir utsett igjen

Rettssaka mot ein mann i 70-åra som er tiltalt for grovt underslag blir utsett igjen. Det seier statsadvokat Magne Nyborg (bildet) til NRK. Saka mot mannen frå Molde skulle etter planen starte i Romsdal tingrett måndag, men blir no truleg utsett til mars. Rettssaka skulle starte i august, men blei utsett etter krav frå dei psykiatrisk sakkunnige, som ønska å gjere ei ny vurdering av mannen. Det er merknadar til denne rapporten som no gjer at saka blir utsett igjen. – Dei sakkunnige må få tid til å sjå på desse merknadane før saka kan starte, opplyser Nyborg.

Statsadvokat Magne Nyborg.
Foto: Oddleif Løset / NRK